thumb virak baathavn bildeVirak Båthavn

Båthamna vart offisielt opna laurdag 5. juli 2014. Totalt er det 22 båtplassar her og det er ei flott gjestebrygge.

Om Virak
Det er benker og bord - og slik godt tilrettelagd for besøkjande. Frå båthamna kan du følgje vegen opp til grenda Virak. Dette er ein flott vandring i gamalt kulturlandskap. Når ein betraktar Virak frå Haughomsida, kan ein sjå eit vakkert og velholdt kulturlandskap. Den visuelle ramma kring dei opne jordbruksareala består av vatn, skog, fjell og himmel, og dei gjev eit harmonisk og heilhetleg inntrykk. Når ein reiser til Virak vert dette inntrykket forsterka, ein kan nesten undrast på om tida har stått roleg her i denne vakre og tradisjonelle grenda. Kanskje dette kan skyldast at Virak lenge berre hadde kontakt med andre grender gjennom båtferdsel på Sirdalsvatnet. Vegforbindelsen til Sira kom i 1954, medan vegen til Tonstad ikkje kom før 1968.

Av tradisjonelle kulturlandskapselement kan Virak syne fram gravhaugar, einerbakker på grunnlendt mark, gamal hagemarkskog i skråninga ned mot Sirdalsvatnet, steingjerder, høyløer samt ein eldre bebyggelse som er flotte representantar for den lokale byggeskikken.

"Den sprækaste kyri på Virak"

Ein informant frå Lund i Rogaland fortel:

"Dei gamle på Virak va nokså vidle. Dei helt busjei når dei sleppte kretture, kver vår. Kver a mennan på garden hadde si basku, å om vintrane pusste og filte dei hoddnan på dei å lurde seg te gje dei a dæ voddlehøye så hestan sje ha. Den a mennan så inkje hadde ei sle'ku, var kje noge tiss, å han fòr lange vega før te kjøba ei hynnte å sinte ku. Før dei sleppte, hadde dei ormahove å brennevin te gje dei, så dei sje bli viddle å modige. Dei hadde sommetie ormahove liggjanne i ein sjinnpose frå førre åræ. Dei leitte i markjene ette dei føsste orman så kom fram i solhaddlen. Hove a buorm sje je den støste styrkjen, sae dei gamle, men hellest va dei vel liga hollne, når bara dæ va orm. Eg haure då eg va liden att'e folkjæ på Steinberg her i bygdå au sje ha helle busjei, men inkje på sle'vis så på Virak.

På Virak samlast alt så kunne kruba å gå før te sjå på sjeiæ, å kver hoista på si beste ku: "Inkje je deg - mi ku!". Mennan sjøl hadde sjenkt seg, å ittepå raug dei ihoba å slosst seg imøddlå - kvenn sje vera eigar av bu-basen. Eg tru dei helt på mæ dettan galneskabe te føsste krigjen, hell på dei tienn". (Eikeland 1979:28)

Litt om byggeskikk på Virak
Virak er eit interessant område for ulike bygningstradisjonar. Her er mange eldre bygnngar som er godt bevart og minnar om sterke tradisjonar.

Stegeløer (grindbygde løer)
På Virak fins det fleire flotte døme på grindkonstruksjon. Elles i Sirdal er det ikkje mange att av desse, men på Virak og Skogestad (grenda ovanfor) er dei godt bevart. Dettevitnar om ein stor innverknad vestfrå, grindkonstruksjon er ein vestnorsk tradisjon som ofte var brukt på naust og uthus i varierande terreng.

I Sirdal finn ein spor etter denne konstruksjonen i eldre driftsbygninar og i mindre utløer i heieområda. På dialekt kalla dei desse løene for "stegeløer" her i Sirdal. Lenger aust i landet var det mest lafteteknkk som vart nytta, ein seier difor at Sirdal er den austlegaste forvaltaren av grindkonstruksjon. Kommunen, med si geografiske plassering, har vore ein møtestad for den vestnorske grindkonstruksjonen og den austnorske lafteteknikken.

Langhustradisjon
Langhus, eller "lån", er samanbygde uthus med ulike funksjonar. Uthus kunne óg mange gonger inngå i langhuset. Ut frå munnleg tradisjon skulle det vera prestisje hjå folk å ha store langhus på Virak. Ei gamal regle frå garden lyder slik:

"Virak drengje - vie sengje, lengste lånen, vènaste kònen".

Ei segn frå Virak fortel om ein munk som budde her under Svartedauden, han budde i eit langhus på Toptågeren.

Det fins ei tuft på Virak som fram til i dag har blitt kalla "Langhus" eller "Langhustomta". Fylkeskonservator i Vest-Agder var på befaring ved denne tomta i 2001. Då fann dei at det ligg synlege veggvollar etter ein bygning, eller ei "lån", med ein lengde på nærare 90 m på denne tufta...

Tannvardsvarden på Virak
På Virak var det i gamle dagar ein varde på "Bakkan", eller på "Bergan", som dei òg sa. Varden skulle opphavleg vore reist som minnevarde etter ein krossfarar frå Virak, som aldri kom heim att. Denne mannen heitte Tannvard. Om denne varden hadde folket på Virak ei regle: "Tannvars-varen gjeve bo, når haukåmmen ska ro".

Det var nemleg slik at dei tende eld på denne varden når husmannen på Haughom skulle koma og henta ferdafolk eller driftefe som skulle over vatnet og vidare austover.