thumb image001Tyskerbunkeren

Bunkeren med Sirdalsvatnet er eit av dei få bevarte minnesmerke ein har i Sirdal frå krigen.

Tyskerbunkeren er sjeldan i landssamanheng då den ligg langs ein innsjø i innlandet. Vegstrekninga mellom Haughom og Tonstad vart ferdig i 1942, og var ein del av den "indre militærveg" mellom Stavanger og Kristiansand. Ein stad langs vegen var det svært smalt, med bratt fjell på eine sida og Sirdalsvatnet på den andre sida. Tyskarane bygde ein bunker her i 1943. Hensikta med dette dekningsrommet var å stansa dei allierte styrkene dersom dei skulle koma frå nordaust gjennom Sirdal.