thumb image015Strandeli

Garden Strandeli var ødegård før 1660. Garden er ikkje stor, men har hatt eit stort innhus med to fulle etasjer (brant ned i 1912).

Når det var skule i kretsen så holdt omgangsskulelærarane til her i dette huset. I åra 1912-1925 vart det gjort store endringar på garden, det var dåverande eigar, Ommund Haughom (pelshandlar i Flekkefjord? Kjelde: Kristoffer Oftedal) som fekk dette gjort. Vegen vart oppgradert med ein bredde på 3 meter ned til brygga som òg vart utbetra. Gard, veg og brygge syner eit imponerande steinarbeid, det var ein svensk rallar (etter jernbanearbeid på Flekkefjordsbanen) som hadde kost og losji her mot steinarbeid.

Den gamle Fram-brygga
Brygga er seget og rast ut noko etter regulering av Sirdalsvatnet, men det er likevel ei av dei best bevarte dampskipsbryggene i Sirdalsvatnet. På nordsida av brygga er det ein båtstø og dei eldre vorrene er synlege syd for brygga. Vegen opp til garden er intakt.

Etter at dampbåten "Fram" begynte å gå i rute på Sirdalsvatnet i 1885, vart det laga ei brygge nede ved Strandeli på sørsida av "Strånnefossen". Dette gjorde at "hovedvegen" på Oftedal no gjekk frå grenda og ned til brygga ved vatnet. Dampbåtens ankomst til Sirdalsvatnet til Sirdalsvatnet, gjorde at vegen mellom Seland i Fjotland og Oftedal vart meir trafikkert, då mange fjotlendingar reiste til Strandeli for å følgja "Fram" vidare ned til Osen. Den store trafikken ned til Strandeli resulterte i behov for ei ny og solid bru (6) over Oftedalsåna. Kring 1890 vart det difor bygd ei hvelvingsbru av stein nede ved Strandeli. Denne brua var, heilt fram til krigen, den einaste adkomstvegen til Sirdalsvatnet for dei som budde på Oftedal.

Strånnefossen

Det er eit imponerande møte dersom du kjem vannvegen på Sirdalsvatnet og nærmar deg Strandeli. Fyrst høyrer du bruset, deretter merker du fuktigheta i lufta. Syner som deretter møter deg er fantastisk flott: Strånnefossen buktar og slåss seg nedover det bratte terrenget frå Strandeli og ned til Sirdalsvatnet – ein mektig attraksjon! Det er eit frodig landskap her nede ved vannkanten. Her veks det bregner i bratt terreng. I lia under fjellet veks bjørk, raun, hassel, osp og eik.