thumb image001Stangborli

Garden har ein sti over "Knuten" til Modalsli. Denne stien er merka og er i god stand. Stien var brukt som skuleveg fram til 1960-åra.

Garden høyrer til Flekkefjord kommune. Her har det vore fast busetjing sidan 1600 talet og fram til 1965. Rutebåten, med posten, slutta i 1963. Under krigen var det planar om veg frå Modal, men det vart aldri noko av.

Garden har òg ein sti/gangveg ned til vatnet med mange svingar og ein høgdeforskjell på kring 200 meter. Garden har eiga brygge, fyrst utbygd med trapper, men på grunn av sauene utbetra til rampe.

Garden har hatt bjølleproduksjon som biinntekt. Smia vart flytta til Osen i byrjinga av 1960-åra. Det skal òg ha vore ei smie under ein heller (Kjelde: Georg Stangborli).

Garden har hatt eige kraftverk på 1.5 kw. Det har ikkje vore sag her, alt tømmer til bygningar (og husgeråd) vart saga med handsag. (Kjelde: Klara Stangborli, Osen Sira)