thumb image013Sporkland

Gården ligger høyt oppe i bergsiden, nesten uframkommelig fra Lundevannet.

På en stille dag går det an å legge til ved foten av Solbjørgstigen der Nøkken la til for 100 år siden. Garden ligg på austsida av Sirdalsvatnet, drøye 200 meter over vatnet. Garden har sti/veg ned til vatnet. Tidlegare var dei som budde her avhengig av kommunikasjonen på Sirdalsvatnet, og hadde brygge som var fast stoppestad for DS Fram og dei andre båtane som trafikkerte Sirdalsvatnet.

Tjovegjela
Nede ved Sirdalsvatnet, eit stykke nedanfor Sporkland er det ei ur som kallast Tjovegjela. Det er veldig smalt her og det er ein heller med to utgangar. Her er det eit segn om nokre tjuvar som heldt til her ei stund, dei stal mat oppe på Sporkland om natta.

Galleri Exclusive Art
Eit lite stykke ovanfor Sporkland ligg Galleri Exclusive Art. Dersom du ønsker å besøke galleriet med bil så er det veg ned frå Espetveit. Dette er eit stort, flott visningshus med atelier og galleri der biletkunstnaren Elene Abessinova held til. Eit besøk her gjev dei ei stor oppleving i eventyrlege detaljar. Sjå meir informasjon på galleriet si heimeside: www.exclusiveart.no