thumb image053Ferdsel på Sirdalsvatnet

Sirdalsvatnet strekkjer seg frå Tonstad til Sira Osen i ei lengd av 27 km. Arealet er 19 km2.

Det største djupet, litt sør for Haughom, er 185 m. Mellom Virak og Haughom er vatnet på sitt breiaste: 1.2 km. Det smalaste punktet finn ein ved Mjåsund, det er 300 m.

Sirdalsvatnet har frå gamalt av vore den viktigaste ferdselsåra for dei som budde langs vatnet. Skulle ein nokon stad var det som regel den enklaste løysninga å ro. Ein båttype som blei mykje nytta i Sirdalsvatnet var den såkalla "føringsbåten". Den blei rodd av seks mann, tri på kvar side, og var stor nok til at ein kunne frakte menneske og dyr samtidig.

BÅTAR SOM VAR PÅ VATNET

  • DS FRAM
  • Ramslibåten
  • Rapp (Lavoldsbåten)
  • Sira
  • Siru
  • Concurrent
  • Sigbjørnsen-båten
  • Modlaslibåtane

Før dampbåten kom til Sirdalsvatnet, var det vanleg at ein rodde til byen, Flekkefjord, for å handle inn sommarmaten. Ein måte å gjere dette på var å ta med seg hest og kjerre i båten. Desse blei brukt på land frå Osen. Ofte starta ein roturen om natta, handla i byen om dagen og fòr heim att same kveld. Nordavinden var ofte lei å stri med på heimvegen, særleg når båten var fullasta med varer, folk og fe.

På vinterstid blei varer og post frakta på isen. Om isen ikkje var trygg, hende det at ein drog ein liten båt på kjelke der det var is, og tok i bruk båten der det var ope vatn. Dette kunne nok vera farleg, men posten skulle fram!

Kart som viser ferdsel på Sirdalsvannet