thumb image001Sannan

Vest for Holmen i Sirdalsvatnet er det ei flott sandstrand.

Her er rydda og lagd til rette for rekreasjon, her er benk for ein rastepause, det er mogleg å tenne bål, prøve fiskelukka, bade og slappe av på sandstranda. Det er òg mogleg å setja opp telt og overnatte her.

Sannan er per i dag berre tilgjengeleg frå vatnet, men det har vore planar om å lage tursti frå garden Visland og ned her. Meir informasjon om dette vil bli lagt ut her etter kvart.