thumb image003Nykkhedlaren

Nykkhedlaren er ei grotte i berget, like over vassoverflata på vestsida av Sirdalsvatnet.

Fjellet over er høgt og bratt og held fram ned i det kalddjupe vatnet nedanfor. Frå gamalt av sa dei at Nøkken heldt til her, det var mange som frykta den når dei rodde på Sirdalsvatnet. Nokon meiner at denne helleren er knytt til båten DS Nøkken som gjekk i rute på Lundevatnet, men ein har ingen konkrete historie som syner denne samanhengen. Mest truleg er det frå segnet om Sjøormen eller Nøkken som tidlegare har vore observert i vassdraget. Les meir om dette her.

Innunder helleren ligg det ein grensestein, tidlegare kommunegrense. (Kjelde: Den store Hellerboka, Torfinn Normann Hageland, 2008)

Det fins ei segn som fortel at garden Skibeli har fått namnet "deraf, at der udenfor same ved Nøkhelleren paa Siredalsvandet undertiden sees et Skib; men det viser seg kun i Skoddeveir". (Seland, Sirdal – Gard og Ætt, bind IV s. 95). Mange har leita etter dette "skipet" som skal syne seg i fjellsida, men ingen har fått auge på det.

Nykkhedlaren vart i tidlegare tider nytta som overnattingsstad av folk som reiste på Sirdalsvatnet, og ein finn ofte restar etter bål inne i helleren. Før var det òg ofte villgeiter som levde i dei bratte skogsidene på vestsida av Sirdalsvatnet, som søkte ly her inne.