thumb image001Lindåna

Nede ved vannkanten ligg synlege restar etter grunnmur som skal ha vore ei oppgangssag.

Grunnmuren er lødd av rund stein om lag 4-5 meter breid og om lag 10 meter lang. Det er ein tydeleg veg her ned på nordsida av åna. Ei oppgangssag har rett sagblad som beveger seg opp og ned frå vannkraft. Ein ser tydeleg spor etter dette på tømmer som er sagd på denne måten, samanlinka med t.d. sirkelsag kor merkene er bua. Oppgangssag var i bruk frå 1500 talet og fram til 1800 talet. Etter oppgangssaga kom dampmaskindrevne sager og deretter elektrisk drevne sager.

Frå Sirdal, bind VI Kultursoge, av Elisabeth Seland finn ein at: "På 1700-tallet fikk sognepresten tillatelse til å sette opp sag i Lindåna på Finsnes. Sagen ble dels leid ut til leilendingeme på prestegården eller andre bygdefolk og dels forpaktet bort til kjøpmenn i flekkefjord, deriblant Hans Christian Lund 1754-1766 og Elling Tambur før 1787".