thumb image001Sjøormen i Lundevatnet og Sirdalsvatnet

Nils Virak og Lars Tobias Virak kunne hugse at gamle koner fortalde i deira barndom om sjøormen.

Berner Eikeland, som i 1950-åra samla mykje lokalhistorisk stoff i Bakke og Sirdal, fekk fram i intervjuar med Staale Lenne, Lars Tobias Virak (1867-1961) og Nils Virak (1866-1960), at sjøormen i Lundevatnet nok også av og til tok seg ein tur opp i Sirdalsvatnet.

Staale Lenne hadde høyrt si mormor fortelje om dette:
"Den synte seg helst på ettersommaren, i varme haustdagar i september/oktober, og serleg når det var sterk vind frå sør eller sørvestleg retning. Ormen hadde eit langt, hesteliknande hovud og hadde faks eit langt stykke attover halsen. Den hadde 3-5 puklar på ryggen, og desse var synlege når ormen kom til overflata".

Nils Virak og Lars Tobias Virak kunne hugse at gamle koner fortalde i deira barndom om sjøormen:
"som budde i Lunnevatnet, førdi der va så botnlaust jubt, at den kunne jøyma seg beste der. Men når det på ettersommåren hell og hausten kom med eit fælande uver, me store flauma, å torevêr frå sør hell sørlege kanta, då va dæ ormen fekk ei ræsetid å tanga seg i Sirdalsvatne. Dei sae han velta opp møgje rullestein i åno når han fòr opp åstubben te Sirdalsvatne". Reisa opp i Sirdalsvatnet føretok ormen visstnok berre ei gong kvart tredje år, men: "då kunne han fara opp Sira og heilt te Tonstad å ned atte sama notto hell notto ettepå".

I 1978 kunne ein lesa i Sirdølen avis om ein observasjon av ein sjøorm i Sirdalsvatnet. Den var under 6 meter lang og stakk om lag 33 cm over vannskorpa. Ormen hadde puklar og hestehovud. Fargen minna om grøn mugg. Kva år dette skal ha skjedd, og kven som såg den, er ikkje nemnt. Det einaste avisa opplyser om er at den skal vera observert av ein eldre mann frå Virak. Han sat i ein plastbåt utanfor Oftedal då sjøormen dukka opp. Dette hende i femtida ein morgon han var ute for å trekkje opp garnet.