thumb image001Guida turar på Sirdalsvatnet

Kvar sommar vert det arrangert guida turar på det sagnomsuste Sirdalsvatnet og rundt Øksendalstjødna.

Det er Sirdal kommune v/eining for kultur som er arrangør. Turen har vore arrangert på onsdagar i sommarmånadane. Turen har vore populær både for innbyggjarar og for turistar, og ein vil oppmode alle til å få med seg denne spennande rundturen.

Turen går frå Tonstad til Haughom i båten "Snorre". Skipper er Svein Sturla Tonstad og guide er Tore Haughom. Undervegs vert det fortald segn og historie frå Sirdalsvatnet, ein får m.a. høyre historia om då dronning Astrid gøymde seg her på Holmen, saman med son sin, Olav Tryggvasson.

I Haughom vert det servering av kortreiste jordbær og kaffi, før turen går vidare i veteranbussen "Turisten". Turen går no opp til Øksendal og rundt tjødna her. Guide om bord i bussen er Steinar Tjomlid og han kan fortelja mange flotte segn frå Øksendal. Ein får òg sjå det imponerande Hyrmannskjeret og Halsringar av gull som er funne her på garden.

Turen tek om lag 3 timar, og det kan vera lurt å bestille billett på førehand.