thumb image001Ramsli

Ramsli ligg i Flekkefjord kommune, garden ligg i ei bratt li ned mot Sirdalsvatnet. Det er veg ned til vatnet.

Garden har hatt sag heilt nede ved vatnet, og i seinare tid var denne Ramslisaga nytta av fleire gardar. Dette etter at fleire sager på dei andre gardane vart lagd ned.

Vegen ned til Sirdalsvatnet er ein bratt kjerreveg i relativt god stand. Vegen gjør ein 180 graders sving ved vatnet og følgjer vannkanten vidare. Her er det spor etter tre løer (lagerhus) i samband med båtstøene som var her tidlegare. Vegen held fram til ei rampe av betong som vart erstatning for den gamle brygga som det er restar av like ved rampa.

Nede ved vantet, i området kor den gamle Fram-brygga var, så er det restar etter sag, lagerhus, kvernhus m.m. Restar etter dei gamle båtstøene er det vanskeleg å sjå spor etter.