thumb image001Hobmansdal

Garden ligg 500 meter frå Sirdalsvatnet og 75 meter over dette, den høyrer til Flekkefjord kommune.

Garden har ikkje vegforbindelse. Hobmansdal vart fråflytta i 1903, med andre ord før riksvegen kom i 1954. Riksvegen har tidlegare vore rideveg til Virak (Hobmansdal er skild ut frå Virak, og er nemnt under denne garden på 1600 talet). Det har vore ein del skog til Hobmansdal og den hadde eiga oppgangssag på 1700 talet.

Det er ein kløvveg/rideveg ned til garden frå fylkesvegen. Den øvste delen av denne er nærmast usynleg og delvis øydelagd av den seinare fylkesvegen. Mest truleg har denne vegen gått til Skregeli.

Hobmansdal har to vegar ned til stranda. Ein rideveg som startar frå det opphavlege tunet, og ein uferdig kjerreveg som føljer bekken og startar på det lågaste partiet av innmarka.

Mest truleg har den gamle båtstøa vore plassert på same stad der den ligg i dag, ved restar etter Fram-brygga. Brygga er tørrmurt i stor, hogd stein. Den har seget men er i relativt god stand.

 

Relaterte turer på UT.no

ico lett fot Skregeli