thumb IMG 5760Haughom Båthamn

I Haughom er det ei flott småbåthamn som i tillegg til 20 faste plassar, har stor gjestebrygge.

Båthamna i Haughom
Anlegget er flott laga og her er lagd til rette for gjestar som kjem vannvegen. Her er bord, benkar og grillplass. Initiativtakar til denne båthamna var Haughom og Øksendal velforening og det er dei som har opparbeida dette anlegget.

Sirdal kommune v/eining for kultur arrangerar guida turar på Sirdalsvatnet kvar sommar. Då er det fast stopp i Haughom båthamn med servering av kortreiste jordbær (frå Øksendal). For tilreisande så er dette ei flott brygge å koma til, her kan du nyte utsikta utover Sirdalsvatnet og over til garden Virak på andre sida. Dei som likar å gå på tur, bør setja av litt tid her og rusle opp til Øksendal for å ta seg turen tundt Øksendalstjødna, her er òg flott badeplass.

Elles er det spennande å tenke på at gamle Haughom brygge var eit stort senter i tidlegare tider då dampbåten FRAM gjekk i rute på Sirdalsvatnet. Då var det mykje folk som haldt seg rundt bryggeområde, i tillegg til dei som kom med båten eller skulle reise. For dei som budde her så var det veldig spennande når dei høyrde lyden frå FRAM, då var det mange gonger om å gjera å koma seg ned her for å ta i mot gjestar. Gamle Haughom brygge vart øydelagd då Sirdalsvatnet vart senka, i dag kan ein berre sjå små rester etter denne.

Relaterte turer på UT.no

ico lett fotØksendal
ico mid fot Tursti fra Tonstad til Øksendal - Den gamle postvegen