thumb image001Tonstad båthavn

Den flotte båthamna på Tonstad har bygd ut god plass til gjestebrygge så her kan besøkjande kjenne seg vel møtt.

Det er Tonstad Båtforening som har ansvar for båthamna. Frå hamna er det fint å spasere inn til Tonstad sentrum, her er bakeri og fleire butikkar. Det er òg flott å spasere opp "gamlegata" kor det gamle bygningsmiljøet er godt bevart. Denne gamlegata startar ved Sirdalsvatnet der kor den gamle brygga (sjå ferdsel på Sirdalsvatnet) var, og går opp til Sigbjørn K. huset. Dersom du kjem vannvegen til Tonstad så går det òg an å leggja til ved denne brygga. Det er frå denne brygga dei guida turane på Sirdalsvatnet startar, i båten "Snorre".

Ramslibåten

Ved båthamna er det oppført ei bu som husar Ramslibåten. Båten er ein av dei gamle motorbåtane som gjekk i rutetrafikk på Sirdalsvatnet fram til slutten av 1960-talet. Skroget vart opphavleg bygd kring århundreskiftet og var berekna til sjøbruk med stor lasteevne. Båten er om lag 30 fot lang og den djupe kjølen syner at den er bygd for høg sjøgang.

Litt historikk

I 1933 kjøpte Nils N. Ramsli båten, og saman med sin bror bygde han eit overbygg som var tilpassa forholda langs Sirdalsvatnet, med dører på begge sider. Overbygget er plassert midtskips, kor det i dag er sitjeplassar til ganske mange passasjerar.

Motoren, ein Scandia 5.5, er ein svensk oppfyringsmotor som går på parafin, og vart opphavleg satt inn for å auke båtens transportkapasitet. Glødehodemotoren, som i dag er i tipp topp stand, er ein sjeldan godt bevart "dunk-dunk"-motor av denne typen. Når båten hadde ferje (open lastepram) på slep, kunne den frakte åtte favnar ved.

Opphavleg gjekk Ramslibåten i rute mellom Virak, Strandeli og Sporkland. Det hendte òg at den vart brukt som drosjebåt til kyrkje, dåp og bryllaup, eller som vikarierande postbåt mellom Haughom og Osen når føraren av postbåten var sjuk.

Etter at båten vart trukke på land i 1971, låg den lenge og forfalt heilt til foreininga "Ramslibåtens vener" tok fatt i dette. Dei hadde bestemt seg for å få båten tilbake att på vatnet og gjorde eit omfattande restaureringsarbeid. I dag er båten tilbake til opphavleg stand. Ramslibåten er eit flott minne frå tidlegare tider kor vatnet var ei viktig kommunikasjonsåre. Den er òg eit godt døme på kor stor betyding personleg initiativ kan ha for bevaring av viktige kulturminne. Den gamle filmen om Ramslibåten er digitalisert og fins på Sirdølen avis si nettside.

ico film Se film om Ramslibåten på www.sirdolen.no

ico mid fot Tonstad - Ovedal